Det nederlandske emigrantskipet De Zee Ploeg la i 1817 ut frå Amsterdam med kurs for Amerika. Om bord var nær 600 tyske emigrantar, dei fleste frå Württemberg.

Skipet skulle følgje ei nordgåande rute, nord om Skottland, men emigrantfølgjet møtte sterk storm i Nordsjøen. Masta vart øydelagt, og skipet kom ut av kurs.

Dei byrja å drive austover mot norskekysten, og rundt 22. september kom skipet inn til garden Skjellanger ved Herdla på Askøy. Derfrå kom skipet truleg til Bergen rundt 29. september.

Dei tyske havaristane vart verande i Bergen til det påfølgjande året, då dei fleste kom seg vidare til Amerika. I ventetida kan dei ha fortalt bergensarane om det lova landet som venta dei på andre sida av Atlanterhavet. Slik kan dei ha vore med på å inspirere til den norske utvandringa som starta nokre år seinare.

Sundag 20. september 2026 blir det arrangert seminar om De Zee Ploeg på Herdla. Seminaret er gratis og ope for alle. Det blir arrangert i samarbeid mellom Norsk utvandrermuseum, Utvandrermuseets venner og Herdla museum.

Seminaret omfattar mellom anna panelsamtale om havaristane sin påverknad på Bergen og deira rolle i den tidlege utvandringa. Det blir også innlegg frå mellom andre Baard Olav Skogrand, Henrik Olav Mathiesen, Terje Joranger og Bjørg-Karin Ringen, samt musikk av Berit Håpoldøy.

Trykk her for program.

Trykk her for meir informasjon.